2022-11-24 - Godlynt

Godlynt



Godlynt er ei folkemusikkgruppe frå Vestlandet, stifta i september 2021 under prosjektet «Folk Session: Prosjekt ny gammaldans» i regi av Riksscenen. Målet med prosjektet var å gje 4 unge norske musikarar sjansen til å utvikle kvart sitt nye gammaldansorkester.

Hannah Moira vart vald til å vere ein av dei fire og fekk med seg ungdomar frå Ole Bull Akademiet på Voss og musikklinja på Langhaugen vgs.

Dei spelar slåttar innanfor dei fleste sjangrar i gammaldans og bygdedans og brukar element frå kanadisk folkemusikk, jazz, klassisk og rytmiske sjangrar, på same tid som dei ønskjer å halde den typiske gammaldansmusikken i hevd.

Hannah Moira Midtbø-Bruner: fele/hardingfele, Edvard Kildahl Andersen: gitar
Siri Nordgård - torader
Live Tønnesen Norberg - cello
Uma Morelia Bustos Reksten - kontrabass



Dato: torsdag 24.11.

Tid: 21:00

Sted: Østre, Fongaard 2.etg
Østre

Billetter: 50,- ordinær, gratis for AKKS-medlemmer

Godlynt