Il Klangkveld Finale
Línt (Klangkollektivet / NO)
Monstereo (Klangkollektivet / NO )
Ekkolodd (Klangkollektivet / NO)
The Entrepreneurs (DK)
Tarjei Nygård (NO)
Ekko djs (NO)
Dato/Tid
Sat 18. March - Sat 18. March
20:00 - 03:00
Location
Østre - 2.flr, Fongaard

Ekko og Klangkollektivet inviterer til fest, feiring og mimring 18. mars på Østre. Klangkollektivet har levert utgivelser av høy kvalitet i fem år, men avslutter nå kapittelet med stil. Fire knallband stiller opp til konsert, mens Ekko djs og Tarjei Nygård snurrer plater før og etter.

Línt

20:30
Østre - 2.flr, Fongaard
Mektige lydlandskap i postrock-tradisjon toppa med element frå pop, hip hop og trip hop. Gåsehudstemning både live og på plate, som har nådd utover landegrensene. Hove, fredsprisutdeling, bylarm, Spot i Danmark og eit kjøkken er nokre av stadene Línt har spelt på. Var med i Klangkollektivet før me visste det var Klangkollektivet. Signerte nettopp platekontrakt i Tyskland så no skal dei utforske kontinentet!
Read more

Monstereo

21:30
Østre - 2.flr, Fongaard
Solide gitarriff, svevande jamparti, insisterande støyinnslag og utradisjonelle låtstrukturar. Kompromisslaust lydbilete fullt av energi og overraskingar. Monstereo har rocka Hulen til kanten, spelt blant sognefjell på Fresn og vore på turné i Kina. Innimellom dei utforskande jampartia, serverer kvartetten raske og umiddelbare rockelåtar, ein dynamikk som har sikra bandet eit sterkt liverykte. 
Read more

Ekkolodd

22:30
Østre - 2.flr, Fongaard
Velprodusert, drøymande psykedelisk pop med mørke, absurde tekstar framført på gudbrandsdalsdialekt. Leikande og støyande gitarriff, perlande piano og svevande vokalmelodiar. Klangkollektivet vart til etter ein heftig konsertkveld med Ekkolodd og Monstereo på Hulen:) Ryktene seier det er nytt materiale på gong, som me får sniklytte til på klangkvelden! 
Read more

The Entrepreneurs

23:30
Østre - 2.flr, Fongaard
Dansk fyrverkeri av ein trio som lagar furore på danske festivalar med sitt rockeshow. Melodiøs punkrock som smeller og sparker på ein svært så behageleg måte. Noice and romance, som dei kallar det. Bandet er kanskje ukjent for oss nordmenn enn så lenge – men det trur me ikkje varer lenge! Desse drenge kan det å levere rockeshow!
Read more

Tarjei Nygård

00:15
Østre - 2.flr, Fongaard
Tarjei Nygård, Ekko-venn og Perkapella-sjef, er en meget habil produsent og DJ, og jobber for tiden med å sette sammen et nytt liveshow. Han har også en EP på vei som skal ut på ESP Institute, og på sitt eget plateselskap Untz Untz (som han driver sammen med Eirik Fagertun), er en plate med Skatebård rett rundt hjørnet. Tarjei tar over platespillerne fra 00.15 og spiller ut natten, og kanskje får han besøk av en og annen husnisse. ...
Read more